Å hjelpe mennesker i ei vanskeleg tid

Aktuelt
Anna Dyrkolbotn i Vatne begravelsesbyrå tenner et lys

Før jobba Anna på ein oljeplattform. I dag er ho gravferdskonsulent hjå oss i Dahls begravelsesbyråer.

Denne artikkelen gjenspegler eit intervju i lokalavisa Strilen. (må lesast med abonnement)

Anna, som opprinneleg er frå Knarvik jobbar i dag som gravferdskonsulent ved Vatne gravferdsbyrå, ein del av Dahls begravelsesbyråer.

Før ho starta hjå oss hadde ho eit heilt anna yrke som prosessteknikar på ein oljeplattform i ni år. Med ei ingeniørutdanning på cv-en, valde ho å byte ut det å jobbe med maskiner til å jobbe med menneske.

Sjølv seier ho yrkesbytet har vore smart.

– Eg har blitt fortalt at det er eit yrke som ein enten prøver i ein kort periode og finn ut at ein ikkje trivest med, eller så trivest ein så godt at ein aldri får lyst til å slutta. Eg mistenkjer at eg har hamna i siste kategori, seier Anna og ler.

En brå start

Ho har alltid likt å omgås menneske. Før ho begynte, tenkte ho at det var i møta med menneska ho kom til å oppleva at ho hadde mest å bidra med.

– Medan eg var mest spent på stell og nedlegg av avdøde, fortel Anna.

Fleire som begynner i gravferdsbyrå har bakgrunn frå helsevesenet, og har gjerne sett døde menneske før.

– Eg hadde inga erfaring med det, men det har gått veldig bra. Eg har erfarne kollegaer som har introdusert meg for det på ein fin måte, seier Anna.

No set ho også pris på denne delen av jobben.

Tett på gravferder i Spania

Første gong ho tenkte over alt som skjer i kulissane rundt ei gravferd, var då ho og kona Tone Marit Dyrkolbotn budde eit år i Spania. Tone Marit var prest i sjømannskyrkja i Torrevieja og Anna hadde ei 50 prosent stilling i same kyrkje.

Gravferdskikkane i Noreg og Spania er forskjellige, mellom anna hende det at kista kom til kyrkja i Spania 15-20 minutt før seremonien starta, medan her i Noreg er byråa ute i mykje betre tid. På seremoniane i Sjømannskyrkja hadde dei tilsette ved kyrkja ein stor del av oppgåvene som eit gravferdsbyrå har i Noreg.

Det gjorde at Anna fekk vera med på prosessen rundt ein gravferdsseremoni gjennom jobben i Spania.

– Hadde det ikkje vore for den gode erfaringa frå Sjømannskyrkja, så hadde eg aldri kome på å søkja jobb i gravferdsbyrå her heime, seier Anna.

Inspirert av Lisbeth

Etter at dei kom tilbake til Noreg søkte ho mest på jobbar i den bransjen der ho hadde erfaring frå før. I tillegg hadde ho eit kort lærarvikariat innan yrkesfag på Austrheim vidaregåande skule.

Nysgjerrigheita på den jobben ho har i dag, vart vekt då Anna skulle hjelpa kona med opptak i podkastserien Presten tar praten.

Podkastserien vert spelt inn i lydstudioet i Knarvik kyrkje, og ein av gjestane var Lisbeth Morken, som på det tidspunktet jobba i Vatne begravelsesbyrå. Lisbeth snakka om jobben sin med eit brennande engasjement. Ho meinte rett og slett at det var verdas beste jobb.

– Etterpå innspelinga slo me av ein prat. Då tipsa ho meg om at eg kunne søkja på stillinga hennar, fordi ho snart skulle flytta til Oslo. Ho skulle halda fram som gravferdskonsulent, men ikkje her, fortel Anna.

Då stillinga vart lyst ut, var ho ikkje i tvil om at ho hadde lyst til å søka.

Tar med seg store erfaringer

Anna har alt vore tilstades i mange seremoniar, og ho har fått eit innblikk i mange ulike livshistoriar.

Sjølv om me møter mykje sorg, så er det mykje glede og humor også. Me er til stades i kyrkja eller seremonirommet under seremonien, så me får med oss mykje av det som vert sagt.

Nokre gonger har ho kjent tårene pressa på under minnetalane.

– Sjølv om det er jobben vår, så er me jo menneske og kan verta rørt av det som vert sagt og gjort. Eg tenkjer at det er heilt greitt og naturleg at det av og til kjem nokre tårer, sjølv om me samstundes er profesjonelle og utfører ein jobb, seier Anna.

Ho opplever at jobben gir henne nokre erfaringar, som set livet i perspektiv.

– Ein vert stadig minna om kor sårbart livet er, og at det er viktig å ta vare på dei rundt oss, seier ho.